Kva skjer Skredløpshelga 2026?

Postet av I.l. Solnut den 17. apr 2026

Kva skjer Skredløpshelga 2026?

Fredag 5. juni er det aktivitetsdag på Skotamyra.

Laurdag 6. juni er det Skredløpet, etterfølgt av Skredløpsdans i Bygdehallen på Nå.

Denne siden vil bli oppdatert, så følg med. 


Aktivitetsdag på Skotamyra - Fredag 5. juni kl 17:30 - 20:00 


Skredløpet - Lørdag 6. juni kl 12:30

Laurdag 6. juni kan du bli med å springe Noregs vakraste terrengløp! Du kan springe eller gå løypa, og den yngre garden kan delta på kortbeintløpet.

Kl. 10.00–11.30: Turklasse (frå Nyeslåtten)
Kl. 12.30: Skredløpet (frå Nyeslåtten)
Kl. 12.30: Kortbeintløpet, alder 7–15 år (frå Rogdo)

500 ekstra trimpoeng i appen til Solnuttrimmen for å delta!

Natursti langs løypa, laga av Grashoppa 4H.

Aktivitetsdag på Skotamyra fredag 5. juni.

Skredløpsdans laurdag i Bygdehallen på Nå.


Turklassen: 

Dersom du ikkje ønskjer å springe, men ønskjer deg ein flott tur i nydeleg terreng, er det mogleg å gå sjølve Skredløpsløypa. Påmelding og betaling for dei som skal gå tur, skjer ved startstreken på Nyeslåtten same dag som løpet. Påmelding via Racetracker er berre for dei som skal springe Skredløpet eller Kortbeintløpet.


Lagkonkurranse:

Alle meldar seg på individuelt på race tracker og på sjølve dagen registrerar laget seg på Nyeslåtten. Minimum 5 deltakere, maks 10. 

Beste samla tid vert rekna ut ved gjennomsnitt av tiden til alle deltakarane på laget. Vinnarlaget vert premiert 


Premiar:
Alle klassevinnarar får kr 1000,-
Beste kvinne/mann får kr 1000,-

Alle som deltar i Kortbeintløpet får deltakerpremie: termo drikkeflaske og Skredløpsnett. 

Det blir trekt vinnar i 7-9 år og 10-12 år  / rangert vinnar i 13-15 år. 

Dei som deltar på Kortbeintløpet er med i konkurransen med å vinne 500kr i gavekort frå Ullensvanghandel. 

  • Alle som deltar i Kortbeintløpet er med i trekkning av sesongkort og fire dagskort i Røldal skisenter. 


Alle som går eller løype er med i konkurransen om flotte trekkpremiar!


Startkontingent:
kr 100,- for born / kr 200,- for vaksne / kr 400,- for familie

50% rabatt for Solnut IL medlemmer.

Det vert servering på Rogdo og Reiseter under arrangementet av 8. og 9. klasse frå Hauso barne og ungdomsskule. 


Påmelding til Skredløpet og Kortbeintløpet: https://racetracker.no/events/2026/skredlopet/

Påmelding og betaling til Turklassen  skjer ved startstreken på Nyeslåtten same dag som løpet, lørdag 6. juni.


Parkering og transport i samband med Skredløpet 2026
Vi oppmodar alle deltakarar i Skredløpet 2026 om å parkere på Aga. Det blir sett opp stor buss frå parkeringsplassen på Aga til startområdet på Nyslåtten, og frå Reiseter til Aga. 

For publikum gjeld det at bilar skal parkerast langs vegen nedover frå Reiseter. Det blir tilrettelagt snuplass på Reiseter.

Vi ønskjer så få bilar som mogleg oppe på Reiseter for å gjere arrangementet tryggare for alle. 

Det må være fremkommelig for buss og nødetater. Takk for at du parker med omsyn!


 

Følg med på: 

Instagram: https://www.instagram.com/skredlopet?igsh=cWN5N3R4NTI0OTI1
Facebook arrangement: https://facebook.com/events/s/skredl%C3%B8pet-2026/1861377194562966/ 

Påmelding til løpet: https://racetracker.no/events/2026/skredlopet/#tabs-1 




General 2026 

Oda Sandvold Simonsen

Mail: oda.sandvoldsimonsen@gmail.com 

Telefon: 98698713 


Logg inn for å skrive en kommentar.