Kva skjer Skredløpshelga 2026?
Postet av I.l. Solnut den 17. apr 2026
Kva skjer Skredløpshelga 2026?
Fredag 5. juni er det aktivitetsdag på Skotamyra.
Laurdag 6. juni er det Skredløpet, etterfølgt av Skredløpsdans i Bygdehallen på Nå.
Denne siden vil bli oppdatert, så følg med.
Aktivitetsdag på Skotamyra - Fredag 5. juni kl 17:30 - 20:00
Bli med på ein kjekk dag for store og små! Aktivitetar inspirerte av 71 grader nord og Mesternes mester. Fine premiar og kiosk.
Skredløpet - Lørdag 6. juni kl 12:30
Laurdag 6. juni kan du bli med å springe Noregs vakraste terrengløp! Du kan springe eller gå løypa, og den yngre garden kan delta på kortbeintløpet.
Kl. 10.00–11.30: Turklasse (frå Nyeslåtten)
Kl. 12.30: Skredløpet (frå Nyeslåtten)
Kl. 12.30: Kortbeintløpet, alder 7–15 år (frå Rogdo)
Skredløpet er ca 8,5 km og 444 moh.
500 ekstra trimpoeng i appen til Solnuttrimmen for å delta!
Natursti langs løypa, laga av Grashoppa 4H.
Aktivitetsdag på Skotamyra fredag 5. juni.
Skredløpsdans laurdag i Bygdehallen på Nå. Dørene åpner 20:30 og Trollstilt spiller konsert!
Kortbeintløpet
Kortbeintløpet er eit konkurranseløp som startar frå Rogdo, cirka 300 moh, og følgjer sti og skogsveg, over myr og stølar til målområdet på Reiseter. Dette løpet er cirka 5 kilometer langt.
Kortbeintløpet er delt inn i tre klassar for både gutar og jenter: 7-9 år, 10-12 år og 13-15 år.
Buss frå parkeringsplassen på Aga til startområdet på Rogdo kl 12:00. Buss tilbake frå Reiseter til Aga, etter arrangementsslutt kl 14:30 og vidare.
Lagkonkurranse:
Alle meldar seg på individuelt på race tracker og på sjølve dagen registrerar laget seg på Nyeslåtten. Minimum 5 deltakere, maks 10.
Beste samla tid vert rekna ut ved gjennomsnitt av tiden til alle deltakarane på laget. Vinnarlaget vert premiert
Turklassen:
Dersom du ikkje ønskjer å springe, men ønskjer deg ein flott tur i nydeleg terreng, er det mogleg å gå sjølve Skredløpsløypa. Påmelding og betaling for dei som skal gå tur, skjer ved startstreken på Nyeslåtten same dag som løpet. Påmelding via Racetracker er berre for dei som skal springe Skredløpet eller Kortbeintløpet.
Det vil òg vere mogleg å gjennomføre ein natursti som 4H har lagt langs løypa frå Grashoppa 4H.
Premiar:
Alle klassevinnarar får kr 1000,-
Beste kvinne/mann får kr 1000,-
Alle som deltar i Kortbeintløpet får deltakerpremie: termo drikkeflaske og Skredløpsnett.
Det blir trekt vinnar i 7-9 år og 10-12 år / rangert vinnar i 13-15 år.
Dei som deltar på Kortbeintløpet er med i konkurransen med å vinne 500kr i gavekort frå Ullensvanghandel.
- Alle som deltar i Kortbeintløpet er med i trekkning av sesongkort og fire dagskort i Røldal skisenter.
Alle som går eller løype er med i konkurransen om flotte trekkpremiar!
Startkontingent:
kr 100,- for born / kr 200,- for vaksne / kr 400,- for familie
50% rabatt for Solnut IL medlemmer.
Det vert servering på Rogdo og Reiseter under arrangementet av 8. og 9. klasse frå Hauso barne og ungdomsskule.
Påmelding til Skredløpet og Kortbeintløpet: https://racetracker.no/events/2026/skredlopet/
Påmelding og betaling til Turklassen skjer ved startstreken på Nyeslåtten same dag som løpet, lørdag 6. juni.
Parkering
Vi oppmodar alle deltakarar i Skredløpet 2026 om å parkere på Aga. Det går shuttlebuss mellom parkeringsplass og Nyeslåtten slik at du rekker å delta i løpet.
For publikum gjeld det at bilar skal parkerast langs vegen nedover frå Reiseter. Det blir tilrettelagt snuplass på Reiseter.
Vi ønskjer så få bilar som mogleg oppe på Reiseter for å gjere arrangementet tryggare for alle.
Det må være fremkommelig for buss og nødetater. Takk for at du parker med omsyn!
Transport
Det går shuttlebuss frå parkeringsplassen på Aga til Nyeslåtten frå kl. 09.30 - 11:45. Dette gjeld både for turklassen og dei som skal springe Skredløpet.
For dei som skal springe Kortbeintløpet, går bussen frå parkeringsplassen på Aga til Rogdo kl. 12.00.
Følg med på:
Instagram: https://www.instagram.com/skredlopet?igsh=cWN5N3R4NTI0OTI1
Facebook arrangement: https://facebook.com/events/s/skredl%C3%B8pet-2026/1861377194562966/
Påmelding til løpet: https://racetracker.no/events/2026/skredlopet/#tabs-1
- Mer informasjon om selve Skredløpet 2026: https://www.ilsolnut.com/next/events/p/1000167910/skredlopet-2026



General 2026
Oda Sandvold Simonsen
Mail: oda.sandvoldsimonsen@gmail.com
Telefon: 98698713
Logg inn for å skrive en kommentar.