Litt historie om Skredløpet:

Skredløpet gjekk av stabelen for første gong i 2007 og vart umiddelbart ein suksess med omlag 230 deltakarar. I 2008 var antallet steget til omlag 270,og i 2014 til omlag 370.

Løpet er 8,5 km og 444 høydemeter. Løpet startar ved skredmuren på Aga og går i godt merka løype i naturen, forbi Svartetjødn, Rogdatjødn og Rogdo, før ein svingar opp og passerer skredløpa på sørsida av Rogdo. Vidare går løypa i naturskjønne omgjevnadar opp til Kvestadstølane, Måkestadstølane og Herseter. Når ein nærmer seg dette området, er utsikta overveldane. Dette er også det høgste punktet i løypa, og herfrå er det stort sett unnabakke ned til mål på Reisæter. Heile løypa er ca. 8,5 km lang og passar for alle som likar å gå i naturen.

Skredløpet er no delt inn i to konkurranseklassar og ein turklasse:

  • Kortbeintløpet: Eit løp med start på Rogdo fordelt på tre klassar for både gutar og jenter: 7-9 år, 10-12 år og 13-15 år. Dette er ca 5 km langt. Her får alle deltakarpremie.
  • Skredløpet: Delt inn i 6 klasser i alderen 16-60+, mann og dame. Her premierast sjølvsagt beste mann og kvinne , og vinnarane i kvar klasse.
  • Turklassen: For dei som ikkje bryr seg om å koma fortast mogleg til mål, men nytta den tida dei vil, for å nyta naturen. Det er natursti undervegs for dei minste, og servering både på Rogdo og Reiseter. Her kan nevnast nysteikte vafler, kaffi og saft. I denne klassen vert det trekt ut deltakarpremiar, ein premie for kvar tiande startande.


Skredløpet was held for the first time in 2007 and immediately became a success, with around 230 participants. In 2008, the number had increased to around 270, and by 2014 to around 370.

The race is 8,5 km long and has an elevation gain of 444 meters. The race starts at the avalanche barrier at Aga and follows a well-marked trail through nature, passing Svartetjødn, Rogdatjødn, and Rogdo, before turning uphill and passing the avalanche tracks on the southern side of Rogdo. The route then continues through beautiful natural surroundings up to Kvestadstølane, Måkestadstølane, and Herseter. As you approach this area, the view is breathtaking. This is also the highest point of the course, and from here it is mostly downhill to the finish line at Reisæter. The entire course is approximately 8.5 km long and is suitable for anyone who enjoys hiking in nature.

Skredløpet is now divided into two competition classes and one recreational class:

  • Kortbeintløpet: A race starting at Rogdo, divided into three classes for both boys and girls: ages 7–9, 10–12, and 13–15. The course is approximately 5 km long. All participants receive a participation prize.
  • Skredløpet: Divided into six classes for men and women aged 16–60+. Prizes are awarded to the best male and female runners, as well as the winners of each class.
  • Hiking class: For those who are not concerned about reaching the finish line as quickly as possible, but instead want to take their time and enjoy the scenery. There is a nature trail activity along the route for children, and refreshments are available at both Rogdo and Reiseter, including freshly made waffles, coffee, and juice. In this class, participation prizes are drawn by lottery, with one prize awarded for every ten participants.

Vis alle artikler