Skredløpet 2025.
Postet av Jonas Hana Merenyi den 28. Apr 2025
Skredløpet 2025 – Ein folkefest med deltakarrekord!
Totalt var det heile 273 påmeldingar i årets Skredløp – 91 deltakarar i løpa (22 i kortbeint og 69 i langbeint) og 182 deltakarar i turklassen.
I kortbeintløpet gjorde dei yngste ein flott innsats, og fekk fine premiar for innsatsen. Det er ekstra kjekt å sjå at barna har sin plass i Skredløpet – dette er verkeleg ein dag for heile familien.
Ken Tony Johansen sprang inn til siger i herreklassen (40:51) og tok med seg pokalen heim til odel og eige.
Ida Herud, som deltok for første gong, imponerte stort og vann dameklassen! (48:31)
Dagen samla folk frå fjern og nær, med deltakarar frå blant anna Frankrike, Pakistan, England og Finland.
Me rettar ei stor takk til våre sponsorar:
Sparebanken Norge, Ullensvang Handel, Isklar, Odda Trykk, Statkraft, Hardanger Folkeblad, Frukthagen Hardanger, og Mikkelparken som bidrog med flotte premiar.
9. klasse frå Hauso skule stod for kafé på Reiseter, medan Solnut J13 hadde kafé på Rogdo.
Tusen takk til Røde Kors, dei som bidrog med kafféane, alle frivillige og grunneigarar som gjorde Skredløpet mogleg.
Me satsar på ny rekord i 2026 – me gleder oss allereie!
Følg oss gjerne på instagram.
Lenka for påmelding
Lenke til facebook arrangement 2025:
Parkering i samband med Skredløpet 2025
Vi oppmodar alle deltakarar i Skredløpet 2025 om å parkere på Aga. Det blir sett opp stor buss for returtransport frå Reiseter.
For publikum gjeld det at bilar skal parkerast langs vegen nedover frå Reiseter. Det blir tilrettelagt snuplass på Reiseter.
Vi ønskjer så få bilar som mogleg oppe på Reiseter for å gjere arrangementet tryggare for alle. Takk for at du viser omsyn!
General 2025.
Jonas Hana Merenyi
tlf 95976625
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.