Ut på tur 2013

Grunna mykje snø på vårparten og tidleg i sommar har ikkje turen til Gråsteins nuten vorte merka før no i slutten av august,

Men no er altså turen merke frå Reiseter egget og inn til nuten.

For dei som ikkje har gått turen enno er det forsatt mogeligheiter no siste helgene i August og heile September.

UT PÅ TUR.

  I år er ”månadssturane” endra til 5 turar som er tilgjengeleg heile sesongen.

Kassane er hengt ut , og henger oppe ut september.

Tur 1:   Tveite –skytebanen – Tveite.

Turen startar ved å ta opp ved Sagatun,  fortsett ca. 200 meter oppover mot Nyeslåtten og ta til høgre oppover mot Agastølen. Etter grindene på Tveite deler stien seg, ta til høgre og gå utover mot Nordtveite og ned til skytebanen.

Turen er merka som nr.3 , på Solnut sitt turkart.

Tur 2:  Krumheller

Turen startar ved å gå oppover mot Kvestadstølen, midt i den siste 180 graders svingen før du kommer opp til toppen av stølen går det ein veg utover.

Følg så denne til du kommer til ein bakketopp, der i frå er det merka med blått opp til Krumheller som ligger under Gråsteinsnuten.

Denne turen er ikkje merka på Solnut sitt turkart, anna enn med navn.

Tur 3:   Håedal

Tur som går i frå Reiseter.

 Følg grusvegen innover mot Skrelet, som går forbi det øvsta huset i tunet.

Inne i Skrelet deler vegen seg, ta så til venstre og følg traktorvegen opp mot inntaksdammen for Strutelvi kraftstasjon.

I svingen før du kommer opp til dammen, går du rett fram og følger stien til Håedal.

Turen er merka som nr.10, på Solnut sitt turkart.

Tur 4:  Skredløpet.

Turen startar på Nyeslåtten via ura inn mot Rogdatjørn, Rogdo, Kvestadstølen, Haugane, Hersete, Skrelet og endar på Reiseter.

Turen er merka som nr. 4, på Solnut sitt turkart.

Tur 5: Gråsteinsnuten

Tur som går i frå Reiseter via Reiseteregget

Pga mykje snø oppe på fjellet er ikkje denne turen merka ennå.

Men det henger postkasse på ei av hyttene på nuten.

Meir info kommer på nettsida når turen er merkt.

Dei som har gått  3 eller fleire av desse turane er med i trekkning av premiar.

                                                                                                                     Turgruppa.

Nyeste kommentarer

04.06 | 20:31

Greetings...I would like to participate, but I would like to ask, if we start a...

23.03 | 14:28

Blir det skredløp i 2022?

20.08 | 07:40

Hei! Vi lyst å leie klubbhuset til Milana sin bursdag på 28.08. Mhv Felix

10.03 | 11:32

Hei. Vil gjerne prøve meg, men når er det i år?