Vårens begivenhet

Årets skredløp er under planlegging og info blir lagt ut etter kvart.

Datoen før løpet er klar og dermed kan laurdag den 9. Juni alt no haldast av.

Førehands påmelding for aktive kan meldast innan 06.Juni
Send E-post til
post@ilsolnut.com med navn og fødesls dato.

Turomtale/Kart av løype

Skredløypa (tur nr 4 i solnut turkart)


Turlengde 8,6 Km. Middels. Spaserar du er normal tidsforbruk 2,5 til 3 timar.
For aktive løparar er løype rekorden på under 45, minutt.

Skredløypa går frå skredvollen på Aga, ca 150moh, gjennom landskapet som i 1870 åra inspirerte sjølvaste Edvard Grieg, til skred muren på Reiseter, tunet som Tidemand og Gude måla Folgefonna frå 1843.

Frå Aga går turen først på traktorveg, så på grov sti gjennom ei av Nordens største moreneurer, gjennom lauv og barskog, forbi tjødn og småbekkar. Vidare på skogsveg, gjennom klyngetunet Rogdo, ca 300 moh- sti og skogsveg, over myr og støls område til vakre Riseter- Streif staden kåra av Torleif Scheldrup til den finaste staden i Noreg
Turen er godt merka og har ein stigning på ca. 350 meter, og nokre våte og glatte parti.

Det er denne traseen som vert nytta for det årlege Skredløpet, for familie vennleg tur, mosjon og konkurranse.
Løypa passerar 6 skredløp. Bruhaug og Grindanes er dei mest kjende.

Under skredløpet vert det parkering på idrettsbanen på Aga og buss transport opp til start på Nyeslotten.
Det vært og buss frå Reiseter attende til parkering på Aga.

God Tur!

Lags meisterskap

Under Skredløpet 09. juni 2012
 
arrangerer


IL Solnut også

Lagsmeisterskap i terrengløp

Klassar/løyper:

15-19 år og Senior (menn, kvinner).

Løype: Aga/Nyeslåtten – Reiseter.

Gutar og jenter:

7-9 år, 10-12 år og 13-15 år.

Løype: Rogdo – Reiseter.

IL Solnut garanterar:

Gode premiar som overrekkast lagsvinnarane på Marknaden (i november).

Krevjande løyper – det krev treningsinnsats frå no!

Sjå heimesida: www.ilsolnut.com

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

26.06 | 20:18

Saknar deltakerliste for 2017 i skredløpet

...
02.06 | 22:49

Påmeldin Skredløpet 2017

...
10.12 | 03:23

Spark Lars Aga

...
07.06 | 20:09

Litt retting av informasjonen. Etter Kvestadstølen går løypa åvom Måkestadstølane og opp til Herseter som er det høgaste punktet på løypa.

...
Du liker denne siden