Årsmøte 27.2.2017

Årsmøtedokumenter



Årsmøte IL Solnut

Måndag 27.02.2017


Sakliste:


  1. Godkjenning av røysteføre

  2. Godkjenning av innkalling, sakliste og forretningsorden

  3. Val av ordstyrar, skrivar og 2 representantar til å underteikne protokollen

  4. Årsmelding frå hovudstyret og undergruppene

  5. Rekneskap 2016

  6. Innkomne forslag og saker

    1. Val av representantar til årsmøtet i Ullensvang Idrettsråd

  7. Fastsetting av medlemskontingent og spelaravgift

  8. Budsjett 2017

  9. Organisasjonsplanen

  10. Val:

    1. Leiar og nestleiar for hovudstyret

    2. Styremedlemmer og varamedlemmer i hovudstyret

    3. Leiar for undergruppene

    4. Styremedlemmer i undergruppene

    5. 2 revisorar

    6. Medlemmer til valnemnda




SAK 4: Årsmelding - Hovudstyret og undergruppene



Styret i IL Solnut 2016 Revisorar Valnemnd

Leiar: Eirik Nå Aga Jakob Bleie Otto Vikane

Nestleiar: Randi Kråkevik Olaug Igland Bleie Gard Hj. Risan

Kasserer: Lars Aga Reisæter Kari Wagtskjold

Skrivar: Lars Aga

Vara medl: Bjarne Aga




IL Solnut har i 2016 hatt eit aktivt år. Laget har hatt eit stabilt medlemstal dei siste åra på rundt 200 medlemmer. Klubben har no gått over til ein heildigital registrering av medlemmer som på sikt skal lette arbeidet med informasjon og betalingar. Dette vil medlemmer merka det komande året.


Styret i Solnut har i 2016 hatt fire styremøter, i tillegg til fleire møter i lag med turgruppa i samband med Skredløpet. Styret har og hatt representantar med på møte i Ullensvang idrettsråd.


Arbeidet med aktivitetsparken på Skotamyra har fortsett i 2016. Solnut har hatt møter med Vikebygdkrinsen og Aga vel, og det har vore gjennomført fleire dugnadar på Skotamyra. No er det friidrettsdelen i nordenden ein arbeider med. Denne håpar vi er ferdigstilt til skredløpet 2017.


Solnut har kjøpt inn hjertestartar som heng på kioskveggen på Skotamyra. Hausten 2016 var det fleire frå styret og andre medlemmer som deltok på kurs i bruk av denne. Solnut har og vore med å finansiert hjertestartar ved idrettsplassen på Hauso.


Det er elles gledeleg å sjå at både grillhytta på Rogdatjødnet og treningssenteret på Grimo, som Solnut har eit samarbeid med, er flittig i bruk blant medlemmer.


IL Solnut har fortsatt ein særs god økonomi. Laget har gått med overskot, og har no ein god eigenkapital på kr 606 470.

Laget har hatt ein omsetnad i 2016 på kr 464 312 mot 561 185 i 2015. Laget har i år hatt eit overskot på 97 192, mot eit overskot på 64 380 i 2015.

Inntektene har i grove trekk kome frå sponsorar, diverse midlar og tilskot, lotteri og basarar, sal av diverse, medlemskontingent, grasrotandel, osv. Sjå meir detaljert angåande økonomi i vedlagt årsrekneskap.








IL Solnut har i 2016 vore organisert i 3 grupper:

  • Fotballgruppa, leia av Hege Lyssand.

  • Tur- og trimgruppa, leia av Jonas Aakre.

  • Foreldrelaget, leia av Ingrid Nå Aga.


Skredløpet skulle vore arrangert laurdag 11. juni. Diverre blei løpet avlyst i 2016. Denne avgjersla var noko arrangementkomiteen kom fram til i fellesskap.


Skredløpet har no vorte eit forholdsvis stort arrangement og dette krev ein del frivillige, samt ein som koordinerer alt arbeidet med arrangement. Dette arbeidet har Ivar Bleie hatt i tre år no, og dette ser ut til å fungere godt. Skredløpet 2017 skal gjennomførast laurdag 3.juni.


I år, som andre år, har foreldrelaget hatt ansvar for Påskesekken og Marknaden til I.L Solnut. Det meste av møtevirksomheiten har vore på meldingar og telefon. Men, hadde eit møte i forkant av marknaden.

Fotballgruppa har bestått av ca. 60 spelara i sesongen 2016. Gutter 14 laget måtte trekkast fra seriespill, då det blei eit par frafall av spelara på laget. Vi ser at vi må gjera noko for å motivera ungdommen, slik at vi unngår frafall og at lag må leggast ned. Dei ulike laga har deltatt i cuper i omegn. God påmelding til Eidfjord cup – kjekt at så mange er med på denne cupen. Det blei holdt dugnad på Skotamyr i Mai (i forkant av skredløpshelga) – godt oppmøte. Organisasjonsplanen til fotballgruppa er forsøkt oppdatert.


Tur og aktivitetsgruppa hatt turbøker ute i fem postkassar. Dette var eit populært tilbod i år som mange medlemmer deltok på. Turgruppa var og med i planlegginga av årets skredløpet i lag med hovudstyret.



Styret i IL Solnut vil takka alle medlemmar, trenarar, lagleiarar, sponsorar og andre som har som har vore med å gjort ein god innsats for Idrettslaget i 2016.


- Styret -




�C;

Årsmelding foreldregruppa:

Foreldrelaget 2016 har vore : Anita Måge, Anita Årekol, Olaug B. Ramsdal, Terje Storhei, Ingrid Nå Aga, og Linn Merete Østerbø (ny inn, haust - 16)

I år, som andre år, har foreldrelaget hatt ansvar for Påskesekken og Marknaden til I.L Solnut.

Det meste av møtevirksomheiten har vore på meldingar og telefon. Men, hadde eit møte i forkant av marknaden.

-Til påskesekken vart bøkene fordelt to veker før trekning. Me hadde 10 bøker, som vart fordelt frå Åsleite til Eikhamrane. Me trekte bøkene onsdagen før palmahelga. Ein stor sekk m/ proviant - to små sekkar m/litt proviant – to blomadekorasjonar. (påske) Dei som var med på trekninga var Anita M, Anita Å og Ingrid N A.

-Til Marknaden hadde me eit møte i klubbhuset på Aga 6. oktober. Dei som møtte var Olaug B R, Anita Å, Linn Merete Ø, og Ingrid N A. Me diskuterte dato for Marknaden og framdift for den. Vart einige om sundag 13 november. Det vart hengt opp plakatar på butikkane på vestsida ( 3 stk.) Og ellers informasjon på « kva skjer på vestsida» Me hadde 14 bøker, fordelt frå Åsleite- Eikhamrane, 3 av dei låg på butikkane. I år hadde medlemmene i solnut ansvar for kvar sin gevinst til åresalet. Gevinstar til boka ordna foreldrelaget med.(tiggerunde til Butikkar, Bedrifter, Entreprenørar, Sjølvstendig Næringsdrivande) i nærområde, i Odda og i Ullensvang. Me hadde seks omgangar med åresal, tre før kaffi og tre etter. Pluss trekning på bøkene. Var kanskje ein omgang for mykje! ( hadde mykje fine gevinstar) Men…. bør heller ha fleire gevinstar pr. omgang. I kaffipausen hadde me og trekning av turgruppa sine turar 2016.

-Kaffikomite, me hadde litt lite folk til det…. Trude Klepsvik, Bjarne Aga (han var og oppropar) Anita Måge og Turid Måge.

Me fekk inn vel 46000 Kr. på Marknaden J

Foreldrelaget var og på eit styremøte i Solnut, våren -16. Der dei hadde ei sak om gevinstar til Marknaden. Me ynskte at medlemmene i Solnut/ fotballgruppa hadde ansvar for kvar sin gevinst. Det var det einigheit om, og Hege Lyssand (fotballgr.) skulle formidla dette vidare til lagleiarane. Dette fungerte greit på marknaden, me fekk mykje fine gevinstar.

Ut av foreldrelaget går: Anita Årekol, Terje Storhei, Ingrid Nå Aga.

Ny for 2017 er: Siv Bakke, Arne Bleie,


Nå, Januar - 2017

Ingrid Nå Aga



Årsmelding fotballgruppa:

Fotballgruppa har bestått av ca. 60 spelara i sesongen 2016.

Gutter 14 laget måtte trekkast fra seriespill, då det blei eit par frafall av spelara på laget.

Vi ser at vi må gjera noko for å motivera ungdommen, slik at vi unngår frafall og at lag må leggast ned.

Dei ulike laga har deltatt i cuper i omegn. God påmelding til Eidfjord cup – kjekt at så mange er med på denne cupen.

Det blei holdt dugnad på Skotamyr i Mai (i forkant av skredløpshelga) – godt oppmøte.

Organisasjonsplanen til fotballgruppa er forsøkt oppdatert.


Årsmeldingar frå laga:

Mix 2009

Trenar: Jarle Kråkevik

Lagleiar: Maria Elena


Mix 2008

Trenar: Ingrid Hardenberg

Lagleiar: Anette Torvund

Hatt med 11 spelare (to jenter). Trent x 1 i veka. Spelt kamper på Skotamyr, Lofthus, Odda (hadde ein bomtur til Røldal). Vore med på Trykkeri cup, Eidfjord Cup, Tyssocup.

Hadde avslutning på Skotamyr.



�C;

G 2007 har i år hatt 7 flotte og aktive gutar på laget!

Dei har hatt trening på Skotamyra kvar mandag, og spelt fotballkampar mot Harding, Odda og Tyssedal i både vår og haust sesongen.

I tillegg har dei vore med på trykkericup, eidfjordcup og tyssocup. Me avslutta sesongen med pizza og aktivitetar i klubbhuset.

Jon Einar Fadnes har vore trenar.


Mix 2005

Vi spilte alle oppsatte kamper i serien, deltok på Eidfjord- og Tyssocup.

Spillere: Knut Utne, Lars J Råen, Tommy Hauso, Eivind Hauso, Tomas N Widding, Noah Kråkevik, Tarjei Kråkevik, Sarah Torvund, Borghild Trones. Aleksandra og Hanna var med på noen få treningar. Oda var med på treningar på slutten av sesongen. Espen Kråkevik trener, Knut Nordal lagleiar.

Foreldre kjørt til kamper etter oppsatt liste. Mesteparten av kommunikasjon med foreldre, varslinger... på lukka Solnut fotball fjesside. To treninger per uke a 1,5 time, man og ons. Noen innetreninger i vinter på Hauso. Godt oppmøte og god stemning i laget. Hatt varierte øvelsar på trening som inneholder spilleforståelse, skudd, pasning demping. Tradisjonell avslutning med snacks og film på Aga klubbhus, liten felles takkegave fra foreldre til trener :)

Årsmelding G12

Gutar 12 har vore 12 spelarar i sesongen 2016 frå årsklassane 2004 9 stk og 2003 3 stk.

Trenar har vore Ivar Bleie, lagleiar Terje Storhei.

Laget har delteke i Tyssocup, Eidfjordcup, Trykkericup og vanleg serie.

Dei har spelt tilsaman 14 seriekampar i 2016 sesongen med lag frå Odda, Harding, Uskedal, Trio 2 lag og Rosendal. Der dei har sparka godt ifrå seg med mange seirar i serien.

Dei har hatt 2 treningar i veka med godt oppmøte. Dei er ein god gjeng med stor vilje og engasjement og det har vore kjekt å følgt dei. Me hadde eit uhell med eit armbrot på kamp som heldigvis ser ut til å ha godt bra.

Avslutning hadde dei ilag med J13 med først kamp mot eit fint pynta jentelag deretter film og pizza i klubbhuset.

Ivar Bleie




�C;

Jenter 13

Har spelt 11 av 12 oppsette kampar. Dessverre var det berre 4 lag med i gruppa, så det vart ein del reprise. Vi har òg delteke på Eidfjordcup, og kom der på andreplass i gruppa vår. Vi hadde ein fin avslutningskveld i november, med halvhøgtidleg kamp mot G12 og påfølgande pizza- og filmkveld i klubbhuset. Laget heldt fram treningane i desember, med ny trenar: Wirapong Sae-Loe.

Tore Bergum, lagleiar / Sonja Velure, trenar.


�C;

Årsmelding trim- og turgruppa:

Styret har i 2016 bestått av:

Jonas Aakre, Daniel Nå og Grete Hamre.



Ut på Tur

Turbøker blei lagt ut i fem postkassar, Agastølen, Rogdastølen, Kromheller, Egge og Haoedal.

Vi har fått opp nye skilt til dei fem turane hos Odda trykkeri. Skiltene er hengt opp og stiane er merket med ny maling.

Ny tur i 2016 var til Rogdastølen. Her vart det gjort ein del arbeid, som skogrydding og merking av sti.


Mangen har i 2016 gått på fleire av dei fem turane og folk virker positive til dette tiltaket. Trekning av vinnaren for dei som deltok på tre eller fem turar vart gjort på marknaden på Nå.


I 2017 håpar vi på eit nytt system mtp. registrering av turane. Har også ein plan om bedre informasjon om turane, slik at det blir enklare for turistar og lokalfolk som er ukjente i terrenget.


Skirenn

Dette er ikkje blitt gjenomført pga lite snø.



Dersom turgruppa skal fungere optimalt må det være med folk som har tid og tar ansvar for at ting blir utført.


For turgruppa

Jonas Aakre






�C;

SAK 5: INNKOMNE SAKER/ FORSLAG

  1. Val av representantar til årsmøtet i Ullensvang idrettsråd

Årsmøtet i IL Solnut er bedne om å velje to representantar som skal delta på årsmøtet til Ullensvang idrettsråd, helst ein av kvart kjønn. Dette vert måndag 20.mars kl.18:00 på heradshuset i Kinsarvik.


Styret legg fram forslag om at leiar og nestleiar representerer IL Solnut ved årsmøtet til UIR.



�C;

SAK 6: MEDLEMSKONTIGENT

Ordinær medlemskontingent

Styret legg fram forslag til å halde medlemskontingenten uendra.

Satsane vert føreslått slik:


Familiemedlemskap kr 500,-

Vaksne (individuelt) kr 300,-

Born (under 16 år) kr 200,-

Støttemedlemskap kr 100,-


Spelaravgift

Styret legg fram forslag til å halde spelaravgifta uendra på 250.- pr. spelar frå 4. klasse og oppover.


SAK 7: REKNESKAP 2016


Revidert rekneskap for 2016 ligg som vedlegg til årsmøtepapira.


IL Solnut har fortsatt ein særs god økonomi. Laget har gått med overskot, og har no ein god eigenkapital på kr 606 470.

Laget har hatt ein omsetnad i 2016 på kr 464 312 mot 561 185 i 2015. Laget har i år hatt eit overskot på 97 192, mot eit overskot på 64 380 i 2015.

Inntektene har i grove trekk kome frå sponsorar, diverse midlar og tilskot, lotteri og basarar, sal av diverse, medlemskontingent, grasrotandel, osv. Sjå meir detaljert angåande økonomi i vedlagt årsrekneskap.


Samla sett har laget god økonomi, med moglegheiter til å setje i verk nye investeringstiltak om det er ynskjeleg.


Framlegg til vedtak:

Rekneskapen vedtakast slik den ligg føre.



SAK 8: BUDSJETT 2017


Me syner til vedlagt budsjett for 2017. Oppsettet er i all hovudsak basert på rekneskapen for 2016. Det er ikkje lagt opp til vesentlege endringar.


Framlegg til vedtak:

Budsjettet vedtakast slik det ligg føre.




�C;

SAK 9: ORGANISASJONSPLANEN


Årsmøte vedtok i 2012 den første organisasjonsplanen for IL Solnut, ein plan som alle idrettslag er plikta til å ha. Planen inneheld eit oversyn over formell organisasjonsstruktur, arbeidsoppgåver og oppgåvefordeling, samt tilhøve mellom undergruppene og Hovudstyret.


Planen skal rullerast og tilpassast etter kvart. Planen er eit levande dokument som skal årleg opp til høyring i gruppene.  


Det er ikkje foreslått endringar i planen i år.



SAK 10: VAL


Valnemnda presenterer sine framlegg.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

17.11 | 11:21

Hei
Vi er rekneskapsfører for Einar Reisæter AS, IL Solnut har dobl betalt faktura den 21/4-17 med kr 1200.- Kan dere sende over kontonr vi kan tilbake bet til

...
26.06 | 20:18

Saknar deltakerliste for 2017 i skredløpet

...
02.06 | 22:49

Påmeldin Skredløpet 2017

...
10.12 | 03:23

Spark Lars Aga

...
Du liker denne siden