Bokprosjektet "TIL TOPPS"

”TIL TOPPS”

75 år på Solnuten

1935 – 2010.

Solnuten ragar 1552 meter over havet.  Han ber namnet med rette. Som ein gullkuppel står han der tidlege godversmorgonar og tek i mot dei fyrste solstrålene. Om kveldane er han ei lykt i himmelsynet, og viser oss dei siste strålene frå sola som går ned i havet der vest.

Ikkje rart at Solnuten har vorte det fremste målet for spreke turgåarar på den nordlege delen på Folgefonnhalvøya. Det gjev god sjølvkjensle å ha vore på Solnuten.

Denne sjølvkjensla  – og stadfesting av status  - var  nok medverkande då gardbrukaren Olav Rogdaberg laga til gjestebok og smeden Selmer Kvistedal smidde skrin, la boka i skrinet og og fekk det mura inn i varden på høgaste toppen med oppmodinga at alle som vitja Solnuten måtte skriva namnet sitt i boka og datofesta dette: ”Formaalet at dei som vitjar Solnuten kan hava noko aa sjaa attende paa, paa sine gamle dagar. Skriv fortløpande og spar paa papiret!”.

Boka kom på plass 24. august 1935.

Og når dei så gjorde, kan me ha trygg forvissing om at Solnuten hadde vore det fremste turmålet i åra forut.

Den fyrste boka var fullteikna i 1965 – etter tretti år. Etter den tid har det vore meir tilfeldig kva gjestebøker som vart nytta der oppe på nuten, og når boka var tettskrive, og ny skrivebok ikkje på plass, måtte ein bruka papirlappen som tilfeldigvis låg i sekken, eller ei kladdeblokk frå Postverket.

I.l. Solnut har fått skrive av dei ulike gjestebøkene og lappane. Det har ikkje vore lett. Fleire av bøkene er ille medfarne av vatn, is og snø. Opplysningane frå august 1984 til august 1986  manglar heilt. Mange har nok med kalde hender freista skriva namnet sitt på vått papir med skrivereidskap som lite viste att. 

Gjestebøkene er fulle av livsmot. Sjølv om veret er surt, er folk nøgde; proppa av gledeshormon – dei har nådd målet – dei er på toppen av Solnuten! Dei skildrar fine naturopplevingar i lyriske ordelag, og utsikta har beint teke pusten frå mange. Omtalane kan vera muntre kommentarar på til dei som er med på turen, til naboskap – og til det dagsaktuelle.

Gjestebøkene inneheld tidsbilete – som Bergens-jentene som var på Aga på arbeidsleir under krigen. På veg opp til Solnuten nok har dei nok tenkt på om dei fekk sjå det norske flagget på Fløyen:

Vi så ikke flagget, men skuffet blev vi ikke. Her var herlig utsikt og vell verdt all strevet. Det eneste aber med turen var at vi var så slunken i maven”.

I.l. Solnut ynskjer å gje ut avskrifta av gjestebøkene frå Solnuten som bok. Me ynskjer at lesarar skal oppleva smil  og glede ved å lesa boka, og at ei intens lyst til å koma seg opp på Solnuten skal breia seg i kroppen. Formålet vårt med boka er å stimulera til friluftsliv.

Men ”Solnuten-boka” er ikkje berre gjesteboka – Odlaug Måge har skrive dikt, professor Jostein Bakke har svara på kvifor Solnuten ragar så høgt og gjev oss med det ei grundig innføring i opphavet til landskapsformene i indre Hardanger, og mange har skrive sine minne og opplevingar frå turar til Solnuten. 

Det Erling Eiken frå Os skriv i omtalen av sine turar fangar så godt meininga med bokutgjevinga:

Dei som bar skrinet til topps og la det varleg og forsvarleg på plass i varden for 75 år sidan tenkte nok ikkje på at det skulle bli bokprosjekt av det. Når no namn, minne,, turar, bilete og opplevingar blir samla mellom to permar, blir det kjekt å lesa om for dei som for her før, for dei som enno ferdast i fjellet og til inspirasjon for dei som enno ikkje har vore på nuten. Her oppe er det romsleg på alle måtar, og ein tur her gjev deg minne  som varer til siste dagen – ja, langt ut på dagen og litt til, kanskje -

”Solnuten-boka” vil vera i A4-format, ca 140 sider med om lag 60 bilete. Ho vert trykt hjå Odda Trykkeri AS i eit opplag på 500 ex. Boka kjem ut i månadskiftet november/desember 2010.

Eg visste det var fleire som har vore engasjerte, men det er først etter ein rask gjennomgang av manus, at det går  opp for meg kva for eit enormt arbeid som er nedlagt i manuset for Solnutboka    TIL TOPPS. 75 år på Solnuten 1935 - 2010.
Det er Kåre som har tatt på seg oppgåva med å koordinere arbeidet for denne boka.
Arbeidet har bestått av å tyda skrifta i gamle bøker, henta inn andre tekstar i form av turomtalar, og tankar frå ivrige turgåarar. Her er og ein fagartikkel og et dikt skrive spesielt til boka seier Kåre.
Vidare har det vore å sortere alle bileta, og knyte desse til turane som er referert til i Solnutbøkene eller til anna tekst i boka.
Enno gjenstår det litt arbeid med korrekturlesing, før boka går i trykken og kjem for salg ein gong utpå hausten.
Dermed er årets julegave allerede sikra.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

02.06 | 22:49

Påmeldin Skredløpet 2017

...
10.12 | 03:23

Spark Lars Aga

...
07.06 | 20:09

Litt retting av informasjonen. Etter Kvestadstølen går løypa åvom Måkestadstølane og opp til Herseter som er det høgaste punktet på løypa.

...
03.06 | 10:57

Du kan melde deg på før start eller sende epost til: iv-ble@online.no med info om navn, fødselsdato, adresse og klubb.

...
Du liker denne siden