Dette skreiv HF etter løpet i 2008

Tungt, men vakkert
 Skredløpet er ein suksess er det ingen tvil om. Folk i Vikebygd stiller
opp og får folk til å delta i hardt løp i vakre omgivnader.

 

Det såg lenge mørkt ut og at Skredløpet i år kom til å regna vekk. Både
været og stemninga letta betrakteleg då sola etterkvart dukka opp på
himmelen.


Ca 270 personar gjekk den harde 9 kilometers turen frå Aga til Reisæther. Det
er ein tur som er rekna til rundt 2,5 time i vanleg rusletempo.
Raskaste mann i løypa laurdag, klarte turen på imponerande 42 minutter og 15
sekunder.


Johnny Kibsgaard slo dermed tida frå i fjor på 44:41 med over 2 minuttar.
Han var raskast i år som i fjor.


Det er ei hard løypa frå Aga til Reisæther. Ein startar på 160 meter over
havet. Derifrå er det stigning heilt opp til Hersæter som ligg på 500
høgdemeter før ein kjem ned til mål på Reisæther som ligg på 320 høgdemeter.
- Korleis var det å springa i år, spør vi forsiktig Johnny Kibsgaard etter
målpassering.
- Heilt jævlig, seier han ærleg.
Han fortel at Nils Magnus Bøen Grave hadde dratt på i oppoverbakkane og leia
løpet omtrent heile tida.
- Eg merka eg sprang mot ein skiløpar, men på flaten tok eg han att, seier
Kibsgaard.
Bøen Grave sprang inn som klassevinnar i menn 15-18 år på tida 42:37.
May Britt Buer debuterte i Skredløypa og kom inn som vinnar i kvinneklassen
på tida 54:09.
- Eg kan ikkje løypa, så då eg kom oppi her, trudde eg det berre var gjennom
skogen og så var eg framme, men då byrja jo enda ein stigning, seier May
Britt Buer.
Ho var veldig nøgd med denne bratte terrengløypa som ho meiner passer ho
godt.
- Eg håper vi kan ta i bruk enda fleire slike terrengløyper i Hardanger. Vi
har jo fine løyper på Sekse også, og arrangementet her er veldig bra,
skryter Buer som gjerne kjem tilbake neste år også.


Eit imponerande løp gjorde også unge Halldor Ø. Espe frå IL Harding som
sprang på tida 57:08. Han vann dermed klassen menn 12-14 år.


Velorganisert
Idrettslaget Solnut som arrangerte løpet har verkeleg skapt ei god ramma
rundt Skredløpet. Frå Hovland rett over fjorden var det satt opp båttrafikk
og busstransport frå kaia og frå idrettsplassen på Nå for å hindra
parkeringskaos på Reisæther.
Om lag heile bygda har stilt opp på ulike arrangement og gjort helga
minnerik.
9.klasse på Ungdomsskulen stod til dømes for kaféen i målomredet på
Reisæther. Dei hadde sal av vaflar, pølse, kaker, kaffi og eplesaft. Nå
Musikklag spelte opp med god korpsmusikk med gamle tyrolarviser og fanfare
til turgåarane og vinnarane av løpet.
Fredagen same helg arrangert barnedans på klubbhuset for born frå 6-12 år,
medan ungdomar i alderen 13-19 kunne gå på strandfest. Dei vaksne kunne gå
på Skredløpsfest på Grendahuset Sagatun på kvelden.
Spennande å sjå om det kan inspirera også andre til å få til eit såpass
flott arrangement med så godt samarbeid på tvers av alder og interessefelt.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

17.11 | 11:21

Hei
Vi er rekneskapsfører for Einar Reisæter AS, IL Solnut har dobl betalt faktura den 21/4-17 med kr 1200.- Kan dere sende over kontonr vi kan tilbake bet til

...
26.06 | 20:18

Saknar deltakerliste for 2017 i skredløpet

...
02.06 | 22:49

Påmeldin Skredløpet 2017

...
10.12 | 03:23

Spark Lars Aga

...
Du liker denne siden