Litt historie om Skredløpet:
Skredløpet gjekk av stabelen for første gong i 2007 og vart umiddelbart ein suksess med omlag 230 deltakarar. I 2008 var antallet steget til omlag 270,og i 2014 til omlag 370.
Løpet startar ved skredmuren på Aga og går i godt merka løype i naturen, forbi Svartetjødn, Rogdatjødn og Rogdo, før ein svingar opp og passerer skredløpa på sørsida av Rogdo. Vidare går løypa i naturskjønne omgjevnadar opp til Kvestadstølane, Måkestadstølane og Herseter. Når ein nærmer seg dette området, er utsikta overveldane. Dette er også det høgste punktet i løypa, og herfrå er det stort sett unnabakke ned til mål på Reisæter. Heile løypa er ca. 8,5 km lang og passar for alle som likar å gå i naturen.
Skredløpet er no delt inn i to konkurranseklassar og ein turklasse:
* Kortbeintløpet: Eit løp med start på Rogdo fordelt på tre klassar for både gutar og jenter: 7-9 år, 10-12 år og 13-15 år. Dette er ca 5 km langt. Her får alle deltakarpremie.
* Skredløpet: Delt inn i 6 klasser i alderen 16-60+, mann og dame. Her premierast sjølvsagt beste mann og kvinne , og vinnarane i kvar klasse.
* Turklassen: For dei som ikkje bryr seg om å koma fortast mogleg til mål, men nytta den tida dei vil, for å nyta naturen. Det er natursti undervegs for dei minste, og servering både på Rogdo og Reiseter. Her kan nevnast nysteikte vafler, kaffi og saft. I denne klassen vert det trekt ut deltakarpremiar, ein premie for kvar tiande startande.
GOD TUR 🙂!
Pavol Bacik 04.06.2022 20:31
Greetings...I would like to participate, but I would like to ask, if we start at point "A" and finish at point !B", how are we going to get back to poit "A"?
Sigrid 23.03.2022 14:28
Blir det skredløp i 2022?
Oda B. 10.03.2020 11:32
Hei. Vil gjerne prøve meg, men når er det i år?
Kaisa Amundsen 23.05.2018 14:24
Jeg vil melde meg på løpet som dere har i år
Lars Aga 28.05.2018 17:41
For trimklasse er det påmelding sjølve dagen. For konkurranseklasse, følg linken: https://signup.eqtiming.no/Signup/Skredlopet-2018/g295.7994?Event=Skredlop
Per K Måkestad 07.06.2015 18:09
Litt retting av informasjonen. Etter Kvestadstølen går løypa åvom Måkestadstølane og opp til Herseter som er det høgaste punktet på løypa.
Nyeste kommentarer
04.06 | 20:31
Greetings...I would like to participate, but I would like to ask, if we start a...
23.03 | 14:28
Blir det skredløp i 2022?
20.08 | 07:40
Hei! Vi lyst å leie klubbhuset til Milana sin bursdag på 28.08. Mhv Felix
10.03 | 11:32
Hei. Vil gjerne prøve meg, men når er det i år?