Tur og Aktivitetsgruppa

 
Kveldskøyring i Håradalen

Har du lyst til å vera med Solnut på gratis kveldskøyring i Håradalen??

Røldal freistar med kveldskøyring, kvar fredag frå 1700 til 2100

Solnut freistar med 3 fredagskveldar, før påske, der me spanderer heiskortet på deg.

(Til og med 10 klasse.)

Fyrste kvelden vert 10. Februar.

Neste kveld me prøver oss vert 17. Februar.

Siste kvelden er planlagt 02. Mars.

Einaste betingelsen er at du er medlem i Solnut, og at du møter opp i Røldal, på parkeringsplassen utanfor billettsal/skiutleige, mellom 1700 og 1730, der du vil møte ein av oss i Tur og Aktivitetsgruppa.

Om ikkje du er medlem men likevel har lyst til å vera med er det fint om du tek medlemspengar med, slik at du kan melda deg inn før aktiviteten startar.

Om dette viser seg å være populært vurderer me fleire kveldar/dagar fortløpande

Solnut tek forbehold om dårlege værmeldingar, og kan derfor avlyse. Dette vert i så fall opplyst på heimesida til Solnut, dagen før. 

Då var det berre å ynskje god tur….

Helsing oss i Tur og Aktivitetsgruppa.

 NB…  Kiosken er ikkje åpen på kvelden..

Om det er interesse for samkjøyring, kveldar i lysløypa på Korlevoll, kan me prøve å sette opp datoer for dette og…

Ta kontakt på mail til ein av oss i Tur og Aktivitetsgruppa.

Kari Åkre:                           kari.aakre@ullensvang.herad.no,

Jon-Einar Fadnes:               jon.fadnes@konecranes.com,

Asbjørn Nå:                        edith.naa@gmail.com


IL Solnut arrangerer skirenn på Reisæter for aldersgruppa 0 – 12 år.

Torsdag 9. Februar Kl 17:15

Onsdag 15. Februar Kl 17:15

Søndag 19.Februar Kl 12:00

Påmelding alle dagane 15 minutt før start. Det vert fyrt bål og moglegheit for å grilla pølser.

Premieutdeling vil  finne stad på Søndagen


      


Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

11.05 | 11:28

Ullensvang herad brukar nynorsk. Kvifor gjer ikkje ikkje idrettslaget det?

...
19.02 | 11:05
Skibilete 2012 har mottatt 1
18.02 | 09:30
Fotballbilete 2012 har mottatt 1
18.02 | 09:30
Reisæter Ski 2012 har mottatt 1
Du liker denne siden